Redusert vassføring i Hjartdøla og Heddøla vil redusera grunnvasstanden heilt inntil elvene. Endringane vil vera mest tydelege i dei områda der grunnvasstanden auka etter etableringa av Hjartdøla kraftverk og ein fekk ”vassjuk jord”.
I anleggsfasen kan ein ikkje heilt utelata at det kommunale vassverket og nokre få private brønnar vert mellombels påverka. Det vil verta satt i verk naudsynte tiltak for å sikra vassforsyninga.
Resipientforhold nedstraums utløpet av det kommunale renseanlegget vil endra seg etter utbygging av Sauland kraftverk. Ein ventar at vasskvaliteten og resipientforholda vil vera gode/tilfredstillande og etter ei utbygging av Sauland kraftverk. Det er lite truleg at utbygging av Sauland kraftverk vil kunne påverka potensialet for uttak av grunnvarme.
Konsekvenser
| Fagområde | Konsekvensgrad |
| Erosjon og sedimentering | Liten negativ |
| Lokalklima | Ubetydeleg |
| Frostrøyk | Middels positiv |
| Hydrogeologi og vassforsyning | Liten negativ |
| Grunnvarme | Ubetydeleg |
| Forureining og vasskvalitet | Liten negativ |
Konsekvensutgreiingane er utførd av Norconsult, Meteorologisk institutt og Norges vassdrags- og energidirektorat