-
Flora og naturtypar
Konsekvensane av Sauland kraftverk vert vurdert som store negative for Skogsåa med sidebekker, Vesleåa/Kjempa og Skorva. Vurderingane er knytt til funn av raudlisteartene orejamnemose, huldregras, solblom samt raudlista soppartar og trua naturtypar. Konsekvensane for fl oraen langs Hjartdøla vert vurdert som middels negative.
Vurderingane i Fagrapport Flora baserar seg til dels på påstandar om ein forventa endring i lokalklimaet som ikkje vert støtta av Fagrapport Lokalklima. Fagrapport Flora frykter blant anna negative konsekvensar for naturtypar som haustingsskog og rik edellauvskog. Utbyggar meiner difor at konsekvensgraden for fl oraen nokre stader er sett litt for høg.
-
Vilt
Utbygginga av Sauland kraftverk vil primært ha verknader for vilt som er knytt til vassvegane og sjølve tiltaksområdet. Dei største verknadene vil utbyggina ha for artar som fossekall, vintererle, kvinand og bever. For desse artene må det forventast reduserte bestandar på sikt. For dei para som opprettheld sitt område/territorium vil redusert ungeproduksjon kunne verta eit resultat. Anna vilt i området vil primært verta påverka i anleggsfasen, utan at dette får merkbare verknader for bestandssituasjonen lokalt. Ein forventar ikkje at utbygginga vil ha vesentlege verknader for sjeldne eller trua artar. Samla sett vil utbygginga ha konsekvensar for få område som har verdi i ein større samanheng. Konsekvensane for viltet i infl uensområdet vil ligga innanfor spekteret liten til middels negativ.
-
Fisk og botndyr
Hjartdøla og Heddøla husar raudlisteartane elvemusling og ål, samt prioriterte ferskvassorganismar som storaure og sik. Redusert vassføring vil endra vekst- og levevilkåra for fisk og elvemusling i Hjartdøla. Ein forventar at dei negative konsekvensane er størst i vinterperioden pga låg vassføring og innfrysing av grunne områder. Konsekvensgraden for fi sk og botndyr i Hjartdøla vert vurdert til middels negativ. Verknadene ved tiltaket i Skogsåa er knytt til reduserte produksjonsareal for fisk og botndyr og vert vurdert som liten negativ.
Sidebekkene Grovaråa, Vesleåa, Kvitåa, Uppstigåa og Skorva har liten verdi for fisk og konsekvensgraden vert vurdert som liten negativ. I Vesleåa/Kjempa forventar ein noko dårlegare levevilkår for aure og bekkeniøye og konsekvensgraden er difor vurdert til liten til middels. Konsekvensane i Heddøla er knytt til endringar i vasstemperaturen nedstraums kraftverksutløpet. Konsekvensen ved dette vert vurdert som middels negativ.